Kor synleg disposisjonsinnhaldet skal vera

Gøym og vis alt innhaldet i overskrifter, altså også tekst, bilete, tabellar, rammer, former og tekstboksar.

note

Denne funksjonen er eksperimentell og kan laga feil eller gje uventa resultat

. Du slår på vel > → LibreOffice → Avansert og merk av for Slå på eksperimentelle funksjonar. medan du framleis er i Innstillingar. Vel då LibreOffice Writer (eller LibreOffice Writer/Web) → Vis og merk av for Vis knappen for vising av disposisjonsinnhaldet.


For å bruka denne funksjonen …

  • I dokumentstrukturen (F5) (for Overskrifter i innhaldsvisinga)

  • Med datamus (på ei overskrift)


Bruk denne funksjonen for å gøyma og vise innhald selektivt under alle avsnitt som har eit disposisjonsnivå som ikkje er null (ofte kalla overskrifter og underoverskrifter). I LibreOffice er ei overskrift eit avsnitt med disposisjonsnivå frå 1 til 10, der 1 er det høgaste nivået og 10 det lågaste. For eksempel vil eit avsnitt med disposisjonsnivå 3 vera ei underoverskrift til eit avsnitt med disposisjonsnivå 1. Denne funksjonen kan brukast for å selektivt gøyma og vise innhald for ei enkelt overskrift, eller for underoverskrifter i høve til eit vald disposisjonsnivå .

Bruka «Synleg disposisjonsinnhald» med dokumentstrukturen

I «Dokumentstruktur» vert alle kommandoane viste i snarmenyen for Overskrifter og element under Overskrifter. Høgreklikk kvar som helst i vindauget for vising av innhaldet for å opna sprettoppmenyen for det valde elementet (medrekna overskriftsikonet), og vel deretter Synleg disposisjonsinnhald og ein av dei følgjande kommandoane, avhengig av kva som er vald.

Gøym innhaldet for alle overskriftene

Overskriftsikonet er merkt. Høgreklikk og vel Synleggjer disposisjonsinnhaldet → Gøym alle.

Overskriftsikon

Overskriftsikon

Vis innhaldet for alle overskriftene

Overskriftsikonet er merkt. Høgreklikk og vel Synleggjer disposisjonsinnhaldet → Vis alle.

Gøym innhaldet for alle underoverskrifter, relativt til eit disposisjonsnivå

Overskriftene med underoverskriftert er merkt. Høgreklikk og vel Synleggjer disposisjonsinnhaldet → Gøym alle for å gøyma alt innhaldet fram til neste overskrift i det same disposisjonsnivået.

Vis innhaldet for alle underoverskrifter, relativt til eit disposisjonsnivå

Overskriftene med underoverskriftert er merkt. Høgreklikk og vel Synleggjer disposisjonsinnhaldet → Vis alle for å visa alt innhaldet fram til neste overskrift i det same disposisjonsnivået.

Når innhaldet er gøymd for ei eller fleire (men ikkje alle) underoverskriftene, vil sprettoppmenyen for ei overskrift på høgare nivå visa både Vis alle og Gøym alle.

Gøym eller vis innhaldet for ei enkelt overskrift

For den merkte overskrifta, høgreklikk og vel Synleggjer disposisjonsinnhaldet → Slå av/på

note

Kommandoane endrar om innhaldet er synleg eller ikkje. Dei endrar ikkje på det som vert vist i disposisjonsvindauget. Då må du bruka - og + (eller pilene) ellerGøym alle/Utvid alle i sprettoppmenyen for overskrifter.


Bruka «Synleggjer disposisjonsinnhaldet» med datamus

Over ei overskrift

Hald nede Ctrl-tasten. Hald musepeikaren over (eller nær ei linje i) ei overskrift.
(Pil i venstre marg gjev visuell indikasjon).

Når biletet på musepeikaren skifter til ei hand, er desse vala moglege:

Piler i venstre marg

Set musemarkøren i den venstre margen like ved ei overskrift. Det kjem fram piler viss innhaldet er synleg.

Tilpassa kontroll

For ytterlegare kontroll kan kommandoane nedanfor leggjast til som ein knapp til ei verktøylinje, eit element i ein meny eller snøggmeny eller ein snartast.

Lagra innstillingane dine

Dokument lagra i .odt-format beheld det gjeldande oppsettet av gøymd og vist innhald. Merk at endring av om innhaldet er synleg eller ikkje, ikkje endrar dokumentet. Viss du endrar synleggjeringa etter at dokumentet er lagra, må du lagra det på nytt for å behalda endringa.